Norsk Orgelfestival

NORSK ORGELFESTIVAL 14.-17. SEPTEMBER

http://www.orgelfestival.no 

Norsk orgelfestival går i perioden 14.-17. september av stabelen for 27. gong. Sidan starten i 1990 har orgelfestivalen vore eit sentrum for musikk, generell kultur, utveksling av kunnskap, sosialt treffpunkt og ein plass der nokre av Europas mest kjende musikarar har søkt for å inspirere andre og sine kollegaer til musikalske treff på instrument av høgste rang. Festivalen er av Nordens lengsteksisterande orgelfestivalar! 2017-versjonen av Norsk orgelfestival blir dominert av to figurar: den tyske munken Martin Luther (og konsekvensene av hans gjerningar) og den norske komponisten Kjell Mørk Karlsen.

Tema: REFORMASJONEN 500 ÅR & KJELL MØRK KARLSEN 70 ÅR

Utøvarar og gjester: Kåre Nordstoga (Bach for barn), Liv Marie Skaare Baden (Bach for barn), Mariko Takei (klokkespel), Nils Henrik Asheim (komponist), Trond Kverno (foredrag/innleiar), Karstein Askeland (organist), Ludger Lohmann (organist/foredragshaldar), Edgar Hansen (organist), Arnfinn Tobiassen (organist), Kjell Mørk Karlsen (komponist), William Whitehead (organist/initiativtakar til Orgelbüchlein-prosjektet), Stavanger katedralensemble, Stavanger domkor med dirigent Oddgeir Kjetilstad, Vår Frelsers kyrkjes kantori med dirigent Goos ten Napel (salmekveld), biskop Ivar Braut (salmekveld), Caroline Eidsten Dahl (blokkfløyte), Ingrid Berg Tobiassen (organist), Ivan Sarajishvili (organist), Vidar Vikøren (konsertforedrag) og Tim Rishton (konsertforedrag/pedagog).

 

Torsdag, 14. september 2017 - Søndag, 17. september 2017