Norsk Oljemuseum Museumsmaraton i kvinnehistorie 2019

Arrangør : Norsk Oljemuseum, Arkeologisk museum, UIS GuideCompaniet

Kl 12.00 - 14.00

Biletter :

www.guidecompaniet.no


Velkommen til museumsmaraton i kvinnehistorie 8.mars!

Arrangementet startar kl.12 på Arkeologisk museum, og allereie frå 11:30 blir det satt fram gratis kaffi og te til deltakarane. Skulle det vera behov for ein matbit før start er museet sin trivelige kafé Ask og Embla open frå kl.11 av for dei som ynskjer å kjøpa seg noko der.

På Arkeologisk museum har ein sidan 2013 hatt utstillinga «Utferd: Mot vest i vikingtid», kor historia om vikingferdene mot vest blir fortalt gjennom kvinner og kvinnegraver. De får høyra den fascinerande historia om ei av desse flotte vikingkvinnene, og litt om tankar og utfordringar i arbeidet med utstillinga.

Deretter blir de losa i samla flokk eit stykke framover i tid i Stavanger by si historie. For korleis var eigentleg livet som kvinne i Stavanger på 1800-talet? Dette blir det fortalt om på Stavanger museum i Muségata 16.

Etter endt omvisning her blir de henta av ein av Guidecompaniet sine flinke byguider og tatt med på tur ned mot sentrum. No får de bli kjent med den mest frykta kvinna i Stavanger…

Siste stopp er på Norsk Oljemuseum. Visste de at kvinnene i oljå er spredt i så mange ulike yrke at i teorien kan ein bemanna ein plattform med berre kvinner? Industrien har kome langt frå den mannsdominerte starten på 60-talet, og denne endringa får de læra meir om her. For dei som er svoltne etter museumsmaraton kan me anbefala restaurant Bølgen og Moi, som gir 20% rabatt på lunsj til alle som har delteke.

Deltaking gir inngang på alle museer i Stavanger fredag 8.mars; Arkeologisk museum, Norsk Oljemuseum og alle MUST sine anlegg.

Me minner om at transport frå museum til museum blir til fots. Billettar kan kjøpas på Arkeologisk museum ved oppmøte, eller via Guidecompaniet sine nettsider: http://guidecompaniet.no/aktivitet/minimuseumsmaraton-i-

Fredag, 8. mars 2019